Dei to første timane i dag pratte Inge Kjell radio. Han kom med eksemplar på god journalistikk og oppbygging av reportasjer. Dette var nyttig undrevisning for meg og Andrè i alle fall, med tanke på prosjektet.
Etter desse timane, kunne me endeleg begynne for fullt å fokusere på prosjektet. Me sat oss ned, og begynte å skrive ned spørsmål me kunne stille til intervju. Etter ca ein time med forslag til manus, og arbeid med spørsmål gjekk me ned på jobben til far min, der Andrè stilte han spørsmål om russen.
Intervjuet gjekk greit. Etter dette gjekk me opp att og jobba med å legge intervjuet inn på dataen.
så sat me oss ned og diskuterte planane for prosjektet, og kven andre me eventuelt kune intervjua. Andrè tok på seg jobben å intervjue ein ungdom og eit barn.
Alt i alt var dette ein bra og produktiv dag. Me tykkjer at me har bra kontroll på prosjektet!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar