me bad Albertine om å få arbeide dei 2 første timane i stadenfor å høyre foredrag, pga at me ikkje hadde fått gått gjennom alt skikkeleg. Me har slite litt med tekniske problem. at me fekk jobbe med manus og det tekniske var gull verdt. me terpa og terpa og terpa. Me følte oss skikkeleg trygge på alt rett og slett. Inge kjell kom kl.10.30 og gjekk igjennom manus med oss. Han verka godt nøgd.
Etter me var ferdig med gjennomgangen til inge kjell, gjorde me alt klart og skreiv ut manus, brente sangane osv.
me drog ned i fjøra kvart på 12, kjøpte oss litt mat, og møtte i p-vest studio kl 12. Der tok Roger Allan godt i mot oss. Me gjekk gjennom tekniske detaljar. dette tok litt over timen. Etter det terpa me litt, henta russepresidenten Guro Loftesnes (ho visste ikkje kvar studio var) og så var det i grunn klart for sending.
Me begynte å prate kl 14.05 og var ferdig 14.50
meir om sendinga treng eg vel eigentleg ikkje sei, resultatet får de bedømme sjølv. Me var i alle fall godt nøgde, og tykkte det var heilt herleg å være på lufta. Eg angrar absolutt ikkje(!) på at eg valgte å jobbe med radio i denne prosjekt-perioden, og Andrè har vore ein flott medarbeidar som har jobba bra.
Dette har våre kjekt, håpar eg får sjangsen til å jobbe med radio igjen snart!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar