tirsdag 9. desember 2008

Tirsdag 9 desember

No begynner me å få bra kontroll på bedrifta vår. me har allerede fått 21 oppdrag, noko som er ganske bra med tanke på kor lenge me har dreve verksemd. For min eiga del har eg dei siste vekene våre med på å lage klassen si eiga nettside, i tilegg til å planlegge arrangement. I samarbeid med Karoline fant me ut at me skulle høyre om aldersheimen ville at me skulle spela der. Det sat dei veldig pris på, sa dei, men desverre kunne dei ikkje gi oss betalling for dette. Heldigvis får me litt penger likevel: me vert nemleg sponsa med 500 kr av advokat-firmaet i sogndal - mot at me spelar eit par songar der og.

Planen er at me skal spele Torsdag 18 Desember, og me treng verkeleg å øve fram mot dette. Desverre har me ikkje meir øvingstid igjen grunna prøveeksamen - noko som er litt dumt. Sjølv om dette kræsjar litt, satsar me på at dette går bra så lenge det instrumentale er i orden. Sangane er jo ganske lette og dei fleste kan dei omtrent utenatt:)

mandag 27. oktober 2008

entrepenørskap

Entreprenørskap tyder å utforme og iverksette ei bedrift. Vil du lese meir om entreprenørskap kan du gå inn på: www.sjf.no. Dette er nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og her står det litt om Ungt Entreprenørskap.

i år har klassen jobba ein del med entrepenørskap. Hovedgrunnen til dette er sjølvsagt at me skal lære, men først og fremst at me skal på klassetur til London i vår. Me treng å tjene penger til denne turen, og difor lyt me starte bedrift. Klassen har bestemt seg for å lage ei lita vaffelbedrift, der me skal selje vaffler på storsenteret. Nokon i klassen har laga logo, og andre har laga liste. Dette er forsåvidt den einaste "bedrifta" me har, men i tilegg til vaffelseljing skal me medan anna vera teknisk ansvarleg på ein legoturnering på eid. Dette kjem me til å tjene bra på, og at me får sponsorar i tilegg er jo ei lita gullgruve for oss.

å jobbe med å få tak i sponsorar har vore mitt og Karoline sitt hovudfelt. Me har skaffa liste over moglege sponsorar, og skrive ned nummer. Deretter har me, og andre elevar i klassen ringt rundt og prøvd å overbevise bedriftane om at dei børr sponse.
Diverre svarar dei fleste nei pga at dei ser på dette meir som å gi vekk peng enn reklame for sjølve bedrifta. Dette er jo sjølvsagt heilt feil, og me må være nøye med å presisere dette.

ellers har eg også klassen gitt meg ansvar for å skrive referat frå møter me har hatt angående entrepenørskap - verksemda vår. så langt har me kun hatt eit møte der det har våre nødvendig å gjere dette, men eg reknar med det kjem fleire i framtida.

mandag 19. mai 2008

fredag 16 mai, prosjekt

me bad Albertine om å få arbeide dei 2 første timane i stadenfor å høyre foredrag, pga at me ikkje hadde fått gått gjennom alt skikkeleg. Me har slite litt med tekniske problem. at me fekk jobbe med manus og det tekniske var gull verdt. me terpa og terpa og terpa. Me følte oss skikkeleg trygge på alt rett og slett. Inge kjell kom kl.10.30 og gjekk igjennom manus med oss. Han verka godt nøgd.

Etter me var ferdig med gjennomgangen til inge kjell, gjorde me alt klart og skreiv ut manus, brente sangane osv.
me drog ned i fjøra kvart på 12, kjøpte oss litt mat, og møtte i p-vest studio kl 12. Der tok Roger Allan godt i mot oss. Me gjekk gjennom tekniske detaljar. dette tok litt over timen. Etter det terpa me litt, henta russepresidenten Guro Loftesnes (ho visste ikkje kvar studio var) og så var det i grunn klart for sending.

Me begynte å prate kl 14.05 og var ferdig 14.50

meir om sendinga treng eg vel eigentleg ikkje sei, resultatet får de bedømme sjølv. Me var i alle fall godt nøgde, og tykkte det var heilt herleg å være på lufta. Eg angrar absolutt ikkje(!) på at eg valgte å jobbe med radio i denne prosjekt-perioden, og Andrè har vore ein flott medarbeidar som har jobba bra.

Dette har våre kjekt, håpar eg får sjangsen til å jobbe med radio igjen snart!

onsdag 14 mai, prosjekt

andrè har fått redigert ferdig intervjua:)

tysdag 13 mai, prosjekt

fram til mat idag hadde me Thomas Morell på "besøk". han prata om sin eigen produksjon, og tok oss med i studioet sitt. dette var spennande.

etter mat ringte eg og avtalte intervju med lensmann Jan Tore Thue. Etter dette gjekk det ein time før me gjekk ned fordi me måtte forberede spørsmål. Eg sendte musikklista til torben idag.

me gjekk ned til lensmannen i 1. tida. desverre sat han i avhør, så me måtte gå opp att og vente til kl.3. i mellomtida spelte eg inn stemme i filmen til simon og anders. Kl 3 sykla me ned til lensmannen, og intervjua han. han var enkel og grei å inervjue.

alt i alt har dette vore ein meget produktiv dag, og det ser bra ut om andrè får redigert intervjua i morgon.

me har fått utsatt sending til fredag pga det er meir gunstig (og aktuellt) for oss å ha sendinga på fredag

fredag 9 mai

jobba med manus, prøvde å avtale med intervjuobjekt.
jobba bra idag. til slutt gjorde me intervju med sigrid. vart oversiktleg arbeid idag der me såg på kordan det ser ut med tanke på om me er klare til radiosending. det ser bra ut, trur det blir kjekt

onsdag 7, mai

idag fekk me to timar. Me brukte dei på å diskutere køyreplan med inge kjell, gjere klar musikklista, og jobbe med opptaka. men det var noko som ikkje fungerte desverre

tirsdag 6 mai, prosjekt







Bjørn bergum var innom og hadde to timars undervisning før matpausen. Me såg på bildene hans og han fortalte litt om korleis det er å være fotograf. Det var eit artigt foredrag, han verkar godt nøgd med yrket sitt.

Etter mat begynte me å arbeide med prosjekt. Me arbeida med manus, og har jobba for å få intervjuobjekt. Me har avtalt med russepresident Guro Loftesnes at ho skal i studio.

me var også borte på haugen og tok nokre bilete

onsdag 30. april 2008

prosjekt, tirsdag 29 april.

dagen idag har me brukt på å jobbe med manus.

Tysdagen starta to timar med Ragnvald som skulle lære oss litt om lyd. Han viste oss forskjellege metodar for lyd som skal brukast i film. (passar bra for dei som skal lage film i klassen)
Han tok fram eit døme i Behind Enemy Lines der me fekk høyre kontentum veldig godt, fotsteg og "skremmande" musikk til når noko skulle skje. Me lærte iallefall ein god del om lyd.


Etter matpausen fekk med begynne med prosjekt-arbeidet. Me valgte å konsentrere oss om å jobbe med manus samt musikkliste.

prosjekt, mandag 28 april.

Dei to første timane i dag pratte Inge Kjell radio. Han kom med eksemplar på god journalistikk og oppbygging av reportasjer. Dette var nyttig undrevisning for meg og Andrè i alle fall, med tanke på prosjektet.

Etter desse timane, kunne me endeleg begynne for fullt å fokusere på prosjektet. Me sat oss ned, og begynte å skrive ned spørsmål me kunne stille til intervju. Etter ca ein time med forslag til manus, og arbeid med spørsmål gjekk me ned på jobben til far min, der Andrè stilte han spørsmål om russen.

Intervjuet gjekk greit. Etter dette gjekk me opp att og jobba med å legge intervjuet inn på dataen.

så sat me oss ned og diskuterte planane for prosjektet, og kven andre me eventuelt kune intervjua. Andrè tok på seg jobben å intervjue ein ungdom og eit barn.

Alt i alt var dette ein bra og produktiv dag. Me tykkjer at me har bra kontroll på prosjektet!

radio-prosjekt 25. april

fredag: Me har fått rettleiing av Albertine og Inge Kjell, og bestemt oss for å ha 1 sending i staden for 2. Sendinga me skal ha, kjem til å setje fokus på russen i sogndal. Idag rakk me eit lite intervju med ei gamal dame. Me spurde 8 stk om dei ville verta intervjua, 7 av dei sa nei, så me bestemte oss for å planlegge intervju litt nøyare.

Me fant ut at me skal intervjue folk i alle aldre om russen, så skal me lage ein liten reportasje om det, som me kan spele av i studio under sendingstida.

Me fant også ut at me vil ha russepresidenten, Guro loftesnes i studio.

mandag 14. april 2008

dag 5

denne dagen har eg jobba med nokre småoppgåver, det var ok

eg meiner at alt i alt har dette vår ein fantastisk veke, og eg syntest det har våre utruleg kjekt å samarbeide med gjengen på gasta!
Gasta er absolutt til å anbefale for andre eventuelle søkjarar i framtida

fredag 11. april 2008

Logg arbeidsveke

Dag 3:
Idag var det ikkje så mykje å gjere. Eg jobba ein del med lekser eg ikkje har fått gjort.

Dag 4:
Idag har eg jobba med å hente informasjon fra forskjellige turist-plassar, og inn på www.sognefjorden.no Eg har limt inn korte glimt av informasjon, på engelsk.
visst du går inn på kartet på den sida, ser du kva eg har jobba med.

onsdag 9. april 2008

LOGG arbeidsveke - veke 15

Logg dag 1
Dagen begynte med eit lite briefing-møte der sjefen og ein kollega forklarte meg korleis dei jobbar på gasta. Eg syns dette verka interresant. Deretter fekk eg i oppgåve å legge inn tekst og bilete fra ei gamal til ein forbedra side til selskapet fresvik produkt.
Her er gamlesida: www.fresvik.no
Her er nyesida: http://fresvik.dnn2.gasta.no
Eg jobb heile dagen med dette, og blei ferdig uten problem. Eg brukte nettvevingsprogrammet Newt, og eg tykkjer at dette er mykje enklare og betre enn dreamweaver.
Alt i alt har dette våre ein bra arbeidsdag og eg fekk eit inntrykk av at dei har eit veldig bra arbeidsmiljø på gasta☺

Logg dag 2:
I dag har eg fått i oppdrag å lage ein logo på photoshop. Dessverre strekk ikkje emnane mine i photoshop så langt, så eg har brukt heile dagen på å finne ut av forskjellige ting på photoshop. Alt i alt har dette vore ein roleg dag, der eg har prøvd meg fram på photoshop rettog slett. vart ikkj heilt ferdig med logoen.

fredag 11. januar 2008