onsdag 30. april 2008

radio-prosjekt 25. april

fredag: Me har fått rettleiing av Albertine og Inge Kjell, og bestemt oss for å ha 1 sending i staden for 2. Sendinga me skal ha, kjem til å setje fokus på russen i sogndal. Idag rakk me eit lite intervju med ei gamal dame. Me spurde 8 stk om dei ville verta intervjua, 7 av dei sa nei, så me bestemte oss for å planlegge intervju litt nøyare.

Me fant ut at me skal intervjue folk i alle aldre om russen, så skal me lage ein liten reportasje om det, som me kan spele av i studio under sendingstida.

Me fant også ut at me vil ha russepresidenten, Guro loftesnes i studio.

Ingen kommentarer: