onsdag 30. april 2008

prosjekt, tirsdag 29 april.

dagen idag har me brukt på å jobbe med manus.

Tysdagen starta to timar med Ragnvald som skulle lære oss litt om lyd. Han viste oss forskjellege metodar for lyd som skal brukast i film. (passar bra for dei som skal lage film i klassen)
Han tok fram eit døme i Behind Enemy Lines der me fekk høyre kontentum veldig godt, fotsteg og "skremmande" musikk til når noko skulle skje. Me lærte iallefall ein god del om lyd.


Etter matpausen fekk med begynne med prosjekt-arbeidet. Me valgte å konsentrere oss om å jobbe med manus samt musikkliste.

prosjekt, mandag 28 april.

Dei to første timane i dag pratte Inge Kjell radio. Han kom med eksemplar på god journalistikk og oppbygging av reportasjer. Dette var nyttig undrevisning for meg og Andrè i alle fall, med tanke på prosjektet.

Etter desse timane, kunne me endeleg begynne for fullt å fokusere på prosjektet. Me sat oss ned, og begynte å skrive ned spørsmål me kunne stille til intervju. Etter ca ein time med forslag til manus, og arbeid med spørsmål gjekk me ned på jobben til far min, der Andrè stilte han spørsmål om russen.

Intervjuet gjekk greit. Etter dette gjekk me opp att og jobba med å legge intervjuet inn på dataen.

så sat me oss ned og diskuterte planane for prosjektet, og kven andre me eventuelt kune intervjua. Andrè tok på seg jobben å intervjue ein ungdom og eit barn.

Alt i alt var dette ein bra og produktiv dag. Me tykkjer at me har bra kontroll på prosjektet!

radio-prosjekt 25. april

fredag: Me har fått rettleiing av Albertine og Inge Kjell, og bestemt oss for å ha 1 sending i staden for 2. Sendinga me skal ha, kjem til å setje fokus på russen i sogndal. Idag rakk me eit lite intervju med ei gamal dame. Me spurde 8 stk om dei ville verta intervjua, 7 av dei sa nei, så me bestemte oss for å planlegge intervju litt nøyare.

Me fant ut at me skal intervjue folk i alle aldre om russen, så skal me lage ein liten reportasje om det, som me kan spele av i studio under sendingstida.

Me fant også ut at me vil ha russepresidenten, Guro loftesnes i studio.

mandag 14. april 2008

dag 5

denne dagen har eg jobba med nokre småoppgåver, det var ok

eg meiner at alt i alt har dette vår ein fantastisk veke, og eg syntest det har våre utruleg kjekt å samarbeide med gjengen på gasta!
Gasta er absolutt til å anbefale for andre eventuelle søkjarar i framtida

fredag 11. april 2008

Logg arbeidsveke

Dag 3:
Idag var det ikkje så mykje å gjere. Eg jobba ein del med lekser eg ikkje har fått gjort.

Dag 4:
Idag har eg jobba med å hente informasjon fra forskjellige turist-plassar, og inn på www.sognefjorden.no Eg har limt inn korte glimt av informasjon, på engelsk.
visst du går inn på kartet på den sida, ser du kva eg har jobba med.

onsdag 9. april 2008

LOGG arbeidsveke - veke 15

Logg dag 1
Dagen begynte med eit lite briefing-møte der sjefen og ein kollega forklarte meg korleis dei jobbar på gasta. Eg syns dette verka interresant. Deretter fekk eg i oppgåve å legge inn tekst og bilete fra ei gamal til ein forbedra side til selskapet fresvik produkt.
Her er gamlesida: www.fresvik.no
Her er nyesida: http://fresvik.dnn2.gasta.no
Eg jobb heile dagen med dette, og blei ferdig uten problem. Eg brukte nettvevingsprogrammet Newt, og eg tykkjer at dette er mykje enklare og betre enn dreamweaver.
Alt i alt har dette våre ein bra arbeidsdag og eg fekk eit inntrykk av at dei har eit veldig bra arbeidsmiljø på gasta☺

Logg dag 2:
I dag har eg fått i oppdrag å lage ein logo på photoshop. Dessverre strekk ikkje emnane mine i photoshop så langt, så eg har brukt heile dagen på å finne ut av forskjellige ting på photoshop. Alt i alt har dette vore ein roleg dag, der eg har prøvd meg fram på photoshop rettog slett. vart ikkj heilt ferdig med logoen.