
når me hadde prøve-eksamen, fekk eg i oppgåve å lage ei ny nettside for ungdomsbasen i sogndal. Skal eg være heilt ærleg, må eg innrømme at eg i starten var litt bekymra for korleis dette skulle gå, med tanke på at nettside ikkje normalt sett har våre mi sterkaste grein. Eg hadde laga nettside før, så eg visste at eg skulle klare det, men eg trengte hjelp for å komme i gang at. Simon var så venleg at han viste og forklarte korleis eg burde arbeide og lærte meg litt om funksjonane i dreamweaver. Eg kunne det meste fra før, men det var veldig fint med ei lita påminning. Etter "leksjonen" til Simon, var det berre å komme i gang med nettsida. Eg måtte finne bestemme meg for korleis banner eg skulle ha, korleis design eg skulle ha, og korleis fargar. Eg var også nødt til å hente stoff eg kunne ha på den nye sida. Bileter fekk me, men dei var ikkje heilt tilstrekkelege. Difor tok eg bilete fra den gamle sida til UB og lagra dei slik at eg sjølv kunne bruke dei på mi eiga side.
design:
Eg hadde forsåvidt ei ganske normal nettside med tanke på at banneret låg øverst på sida, og menyen var heilt til venstre på sida, og tekst og bilete låg i midten mot høgre. noko eg brukte litt tid på var å finne ut kva farge eg skulle ha på nettsida. Elin reinås, leiaren av UB, hadde utgitt ønske om å ha noken friske fargar. Ikkje kjedeleg og grått med andre ord. Sjølv har eg alltid vore ein fan av samansveisinga blå og kvit, ved bruk av gradient tool på photoshop. Nettsida er "himmelfarga" og skal assosiera til ordtaket "the sky is the limit". Difor tykkjer eg at desse fargane passar bra, og sia ser etter mi meining fin og interressant ut.
arbeid:
Me hadde heile torsdagen til å hente stoff og forberede oss før me skulle lage nettsida på fredagen. På torsdag prøvde eg meg fram på dreamweaver og photoshop, øvde på å lage banner og jobba med struktur på sida. Eg tykkte eg hadde brukbar kontroll før prøve-eksamen starta. Sjølv om eg (bortsett fra stoffet eg hadde henta til sida) starta med blanke ark på fredagen, gjekk alt saman heilt problemfritt, og sida vart til slutt mykje betre enn forventa.
vurdering:
Eg var godt nøgd med designet, strukturen på sida. Eg hadde fått tak i meir stoff enn eg forventa, og på ein dag (med unntak av materiell til sida) klarte eg å lage ei nettside for ungdomsbasen klar til bruk! Det kan godt hende noko må pirkast på, men eg tykkte på ingen måte at nettsida var halvferdig, eller ei skisse av ein nettside. Eg overraska meg sjølv, og eg er rett og slett stolt over kva eg fekk til på denne knappe tida. Alt teke i betraktning, nettsida har element nokon ville hatt anleis, og sida er sjølvsagt ikkje heilt feilfri.
Det var spennende å få ei oppgåve om noko eg ikkje kunne, og det var utruleg kjekt å kjenne at eg faktisk meistra oppgåva! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar