RADIOREPORTASJE (inge kjell har cd)
tidleg i haust fekk me i oppgåve om å gå saman to og to og lage ei radioreportasje. Eg hamna i tospann med Andrine.
Idèmyldring:
Me diskuterte emne, las i sogn avis og firda for aktuelle sakar me kunne ha om, men me fant ikkje eit tema som interresserte oss.
Me fant til slutt ut at me ville ha om hausten. Hausten er eit ganske relativt tema, så kva vinkling skulle me ha var eit særs viktig moment. Me fant ut at me ville prøve å setje fokus på at det vert mørkare, trea skiftar farge, og finne ut om litteratur vert meir populært om hausten enn andre årstider (det var nemleg det me trudde).
arbeidmåte:
for å finne stoff me kunne bruke til sendinga, valgte me å intervjue elevar med ein slags "5 på gata"- opplegg. Her fekk me mange interressante vinklingar som me kunne bruke i sendinga. Me var også nede på sogndal bibliotek, og intervjua eine bibliotekaren der, med tanke på spørsmålet om litteratur var meir populært om hausten. Me fekk nokre gode tips på bøker me kunne lese, og intervjuet vart alt i alt veldig brukbart. Ellers så fylte me blokkane mellom intervjuane med nokre ord om hausten, og diktlesing.
resultat
Både eg og Andrine vart nøgd med resultatet. Me fekk til ein reportasje omtrent slik me hadde sett føre oss i forkant. Me kunne hatt litt meir interressante intervjuobjekt, det trakk desverre litt ned.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar